SITTEBENKER TIL BORGUND KYRKJE

“For nokre år sidan vart det felt eit stort sedertre ved vestveggen til Borgund kyrkje. Borgund sokneråd ønskte å lage benkar av trevirket. For at benkane skulle stå seg godt i vårt våte klima vart det valt soklar i betong med trespiler i setet.

Vi kontakta derfor Peder Alme ved Ornamentfabrikken, då vi fekk tips om at dette var eit arbeid som han kunne utføre.

Peder viste umiddelbart stort engasjement for oppgåva.

Peder modellerte ny dekor på bakgrunn av ein sidevange til benkane inne i kyrkja, og laga deretter former til støyping av betongsoklane.

Peder har utført eit godt stykke handverk som vi er stolte av å vise fram.”

— Kristin Smehus. Borgund Kyrkje, Ålesund

Sittebenker i betong laget av Ornamentfabrikken gipsmaker Peder Alme